


|
|

Vi er ein serveringsstad som tar imot bestillingar på arrangement frå 5 til 48 personar. I Eggjastova frå 1765 kan du nyte eit godt måltid som er komponert etter årstida. Du får orientering om gardsdrifta og livet langs fjorden, før og no, samt at verten gjerne tar ein song.
Henjum er eitt av dei fire opphavelege tun i Leikanger med historie frå før vikingtida. Tunet ligg omkransa av gravhaugar på eit lite platå 100 meter over Sognefjorden. Det er spor av busetnad på Henjum 2000 år tilbake. Tunet har hatt ei eiga stavkyrkje, og tal bruk har variert mellom 12 og 15 opp gjennon åra med opp til 100 hus. Tunet ber framleis preg av å vere eit klyngetun. I dag er det 6 bruk som driv aktivt jordbruk med kombinasjonsdrift sau og frukt. Tidlegare var det eit allsidig jordbruk med sau, gris, høns, geit, ku og hest. Serverings- og møtelokalet er i ei tømra sperrestove frå 1765.
Vi fyrer i den gamle vedkomfyren og får den rette stemninga og god varme. Borda er dekka til fest og her tar vi berre eitt selskap om gongen, kvart selskap får sitt eige opplegg og blir ikkje forstyrra. Verten fortel om stova og syng gjerne ei vise. I hovudrommet kan vi servere inntil 50 personar. I tillegg er det eit mindre rom ("røykesalong"), og garderobe med toalett. Vi har alle rettar for servering til slutta lag.
Vi har alle skjenkerettar.
Henjatunet er ført opp på Norsk Kulturarv si liste over attraksjonar i Norge.
Ope heile året.
Kun gruppearrangement.
Velkomen til gards!
Helsing Marit og Ingvar Halsnes
|